Flyin Fjellgard

Fjellbeitekjøt og Omega 3

Dei fleste veit at feit fisk inneheld livsviktige feittsyro, bl.a Omega 3. Færre er klar over at kjøt og mjølk frå dyr som har gange på grasbeite kan vera ei like god kjelde til Omega 3. Dyr som fyrst og fremst leve på gras – og lite kraftfor – kan ha i seg 7-8- gonge meir Omega 3 enn dyr som er uppalne på mykji kraftfor. Dei vil og ha mykji meir tå feittstoffet CLA som er med på å hindre at du bli feit tå feitt. Og dessutan fleire antioksidanta og andre livsviktige mikrostoff.

Detta mangfoldet er og bakgrunn for at beitekjøt – som viltkjøt - øfto smaka betre enn ”kraftforkjøt”. Kraftfor inneheld mykji Omega 6, eit stoff som me har for mykji tå i moderne kosthald.
Mennesket kan´kji eta gras, so difor er det ´kji berre sunt, men og miljøvenleg og økonomisk å bruke dei store grasressursudn me har i Norden til å produsere mat.

Fjellbeite fyrste delen tå sumare er det ypperste beite du kan finne.